Organisasjon

ORGANISASJON

Frå starten i 1985 var det Kinnaspelkomiteen under Kinn sokneråd som hadde ansvar for produksjonen av spelet, og Kinn sokneråd har hatt visningsrett til teaterstykket "Songen ved det store djup" frå starten. Stykket er skrive av Rolf Losnegård og musikken er komponert av Per Janke Jørgensen.

I 2013 vart Kinnaspelet omorganisert til ein frivillig medlemsorganisasjon med eit ansvarleg styre. Kinn Sokneråd har eit fast medlem i styret. Soknepresten i Kinn er også fast medlem i styret. Kinnaspelet kjøper tenester frå og samarbeider med Teater Vestland om spelproduksjonen. Teater Vestland har det kunstnarlege ansvaret

 

Styret i Kinnaspelet har desse medlemmane i 2024:

Gustav Johan Nydal  (styreleiar)

Knut Magne Nesse

Leni Klakegg       

Grethe Stavø      

Marit Espeseth   

Per Kristian Byrkjeland

Hilde Amundsen

 

Martin Melvær Berge (vara)

Ingunn Lien (vara)


Styret har knytt til seg einskildpersonar og grupper som har eit delegert ansvar for praktiske oppgåver i spelproduksjonen. .Arbeidet med kostyme, trykksaker /pr og praktisk tilrettelegging  på Kinn er eksempel på  slikt arbeid. Alt arbeid i organisasjonen blir gjort på dugnad.


KJØP BILLETTER HER