Bergensbåten

Ekspressbåt frå Bergen

Laurdag 21. juni går ekspressbåten "Rygertroll" til Kinnaspelet. Reisa startar på Strandkaiterminalen i Bergen kl 08.00 og tar opp passasjerar i Knarvik, Vardetangen og Krakhella. Etter ein båttur på ca tre og ein halv time i vakker vestlandsnatur, er du framme på øya Kinn. Herfrå går du i i ca 20 minutt før du er framme ved spelstaden og Kinnakyrkja. Har du vanskar med å gå så langt, er det gratis bilskyss frå kaia og fram. Det er eigen eigen reiseleiar ombord i båten.


Teaterstykket blir framført av Teater Vestland saman med 160 amatørar; skodespelarar, kor og orkester. Scenebildet er spektakulært og frå scena får du drama, humor og rørande scener som  lokkar fram tårene.


Men du kan oppleve meir, Etter teaterstykket kan du få med deg  foredrag i den vakre Kinnakyrkja om kyrkja si historie og om øya Kinn. Kyrkjene er ei av dei eldste steinkyrkjene i Noreg og er vakkert utsmykka. Også dette er inkludert i billetten.

Om du i staden vil sjå deg rundt i den spektakulære naturen, kjøpe mat i kioskteltet og sjå på folkellivet, kan du sjølvsagt det.


Båten går tilbake ca kl 16.30 og den er i Bergen ca kl 20.30. Oppdatert informasjon (reiseleiar, telefon, oppmøtetid på kaia, eventuelle ekstrastopp) kjem på mail til dei som har kjøpt billett i veka før spelet. 


Billetten inkluderer båtreise tur/retur Kinn, teater og eventuelt foredrag. Det er samme pris for alle  stoppestader.  Det er også samme pris for alle vaksne, men eigen pris for barn. Sjå under Billettar. Det er enkel kiosk ombord i båten.


Dette er ei teateroppleving heilt utanom det vanlege. Over 100 000 har opplevd Kinnaspelet sidan det var sett opp første gang i 1985

Ta deg gjerne tid til ei reise gjennom eit distrikt med mange attraksjonar og opplevingar.

Sjå også FJORDKYSTEN