SONGEN VED DET STORE DJUP
NYHETER
NYHETER
Konsert
Det blir i år konsert med Odd-Erik Lothe og Line Dybedal.
Odd-Erik Lothe er ein kjent og allsidig musikar. Vi kjenner han både som låtskrivar, soloartist og frå band som Fabel, Lothe og Green Granadas; heile 11 album er komme frå han og låtane hans er ofte å høyre på NRK.
Line Dybedal blei først kjent gjennom bandet Pink Robots, og ho er seinare blitt kjent både som låtskrivar og komponist, blant anna av musikken til TV-serien "Bli med heim". Hausten 2021 debuterte ho som forfattar med boka "Eit hjarte til jul"
Samarbeidet mellom desse to starta i 2010 med låten "Vere to", og dei
har sidan hatt mange konsertar saman. Det er sagt at dette er to
motsetnader som utfyller kvarandre; og Odd-Erik med sin rustne og
Line med si vare stemme vil passe godt på Kinn;
med både ramsalt storhav og lune viker
Konserten er inkludert i billetten.