SONGEN VED DET STORE DJUP
Den vakre Kinnakyrkja er ei av dei eldste steinkyrkjene i Noreg. Plasseringa i einsemda langt vest i havet er heilt spesiell. Det same er kunsten og inventaret, ikkje minst det unike lektoriet frå 1200-talet. Sjølve kyrkjebygget har også høg verdi ved at det er endra lite samanlikna med dei andre mellomalderkyrkjene i Norge. Når ein kjem inn i Kinnakyrkja, kjennes det som ein blir tatt langt tilbake i tid.
Det vil vere open kyrkje med omvisning laurdag kl 11.30 og 18.00 og søndag 12.00 og 16.30
Den siste omvisninga kvar dag vil vere etter kveldsbønene/ tidebønene.
Omvisninga er gratis.