SONGEN VED DET STORE DJUP
Ein scenografi med blått hav og høg hmmel, Kinnaklova og den gamle steinkyrkja frå 1100-talet, er det som møter deg på Kinn. Så langt vest du kan kome i Noreg, her på havstranda ligg ei av dei eldste kyrkjene i landet - der ingen skulle tru at nokon kunne byggje ei kyrkje. Ingen veit sikkert kven som bygde ho. Men dei gamle legendene fortel om heilage menn frå øyrika i Irskesjøen, som busette seg her, truleg på 900-talet ein gang.
Her får du oppleve Kinnaspelet «Songen ved det store djup,» eit drama om kjærleik og svik, tvil og tru, då reformasjonen kom til Noreg i 1537, og kasta vrak på ein 500 år gamal kyrkjeleg tradisjon og levemåte. Dette er den ytre ramma for handlinga. Men Kinnaspelet handlar om noko meir. Dei sentrale temaene er menneske som opplever kriser og må ta vanskelege val. Når vi blir utfordra til å revurdere det vi meiner og trur på, kva verdiar er det verd å halde fast ved.
Dette er teateret ved havet, der naturen og landskapet spelar med; ei oppleving du ikkje finn maken til.
då danskekongen sin fut kom til Kinn og gjer kjent at pavekyrkja si tid er forbi. Kongen skal no eige alt kyrkjegods, og ein ny, luthersk prest må setjast inn. Bygdefolket slår spontant ring om presten sin og kyrkja. Dei feirar "Seljumannamesse" denne søndagen i 1537. Gjennom deira «kirkespill», eit spel i spelet, blir vi med tilbake til 900-talet og blir vitne til at den kristne prinsessa Sunniva på Irland, rømmer frå vikingkongen Ramn som vil ha henne til dronning. Med følgjet sitt legg ho ut på havet i båtar utan segl, ror og årar, og lar vind og havstraumar råde. Ho driv i land på Selja. Seinare blir ho St. Sunniva, helgen for Vestlandet. Søstera Borni, driv i land på Kinn, og skal etter legenda vere ho som fekk bygd Kinnakyrkja.