SONGEN VED DET STORE DJUP
I tillegg til profesjonelle skodespelarar og musikarar, er det omlag 160 amatørar med i Kinnaspelet, fordelt på musikk, song og skodespel.
Sjølv om kostyma til nokre av gruppene vil vere annleis i 2022 enn dette bildet frå 2019, ser vi tydeleg dei ulike gruppene i spelet.
Bakerst står munkane (koret) i brune munkekapper. Dei kvite skjortene er bygdefolket sine , futens menn har danske flagg som sitt kostyme og framme til venstre ser vi nokre av vikingane i mørkeraude og brune kapper. Ytterst til høgre ser vi fleire vikingar og nokre av dei profesjonelle skodespelarane