SONGEN VED DET STORE DJUP
Både laurdag og søndag vil Torleif Reksten fortelje om den rike historia til Kinn og Kinnakyrkja.
Laurdag 21. juni vil denne orienteringa vere i Kinnakyrkja og fokus vil då vere på kyrkja og gåtene rundt den. Han vil og komme inn på øya Kinn si historie.
Søndag 22. juni vil "historietimen" vere ute. Du vil då få høyre om lokal historie, geografi og myter og segner knytt til Kinn og Kinnaspelet. Dette blir på ein knaus rett vest for gjerdet (i retning Kinnaklova).
Sjå etter skilt "Historisk vandring"
Tid: Laurdag kl 15.00, søndag kl 13.30. Begge dagar varer dette ca 45 minutt