SONGEN VED DET STORE DJUP
Idun Losnegård har rolla som prestefrilla i Kinnaspelet.
Idun har 3-årig skodespelarutdanning frå The Guildford School of Acting i England
Etter fleire år som frilans har ho sidan 2018 vore fast tilsett på Teater Vestland og her har ho hatt mange store roller; ho er no ei viktig stemme i nynorsk scenekunst. i 2025 hadde ho hovudrolla i teateret si oppsetting av Putemannen og i soloframsyninga Eg er Lucy Barton, utforska ho forholdet mellom mor og datter. Dette temaet tok ho også opp som podcastvert i Bak maska.
i 2025 og 2026 har ho vore med i familieframsyninga Brørne Løvehjerte og i vår har ho hatt regiansvar for oppsettinga Ein herre med namnet Parkinson
Carina Furseth skal i år spele rolla som Borni/Sunniva for fjerde gang.
Carina er utdanna skodespelar frå Teaterhøgskolen i Oslo (KHIO) og Bårdar Akademiet.
Ho er frilans skodespelar, og har dei siste åra vore tilsett ved Teater Vestland i fleire produksjonar – mellom anna Jenta med fyrstikkene, Mødrevariasjonar og Pusterom. Ho har òg jobba ved Nordland Teater og Teatret Vårt i Molde og Fyllingsdalen teater.
Ved Teatret Vårt spelte ho tittelrolla i Tonje Glimmerdal og ved Fyllingsdalen teater hadde ho rolla som Lovis i Ronja Røverdatter , ei rolle ho høsta mange lovord for .
I år har ho vore med i konseptet Middag og Musikal, eit samarbeid mellom Det Vestnorske Teateret og Wesselstuen og i Det Vestnorske Teateret si oppsetting 22. juli – Vestland.
Kyrre Eikås Ottersen har rolla som presten i Kinnaspelet. Kyrre har utdanninga si frå Bergen Teaterskole, og har vore tilsett ved Teater Vestland sidan 1995. Her har vi sett han i mange store roller. I 2025 spela han saman med blant andre Harald O. Nødtvedt (futen i Kinnaspelet) i Vestlandet, som var både ei hylling og ein harselas av det vestlandske sinnelaget. I vår har han turnert med framsyninga Bondetinget, som sette søkelyset på norsk landbrukshistorie. Han har og spela i framsyninga Brørne Løvehjerte. I haust vil vi kunne sjå han i Den dagen Nils Vik døydde, som har urpremiere på Teater Vestland i august.
Kyrre har spela eit vidt spenn av roller dei 30 åra han har vore tilsett ved Teater Vestland, og vore nominert til Heddaprisen. I Kinnaspelet har han vore med i ei årrekke, tidlegare spelte han
tigggarguten Tarve/ vikingkongen Ramn
Peder Lauvås skal i år spele rolla som tiggarguten Tarve /vikingkongen Ramn for femte gang,
Peder er freelance skodespelar med utdanning frå Westerdals, Oslo Act og Bårdar Akademiet. Han har etter endt utdanning blant anna hatt engasjement både ved Det Vestnorske Teateret, Teateret Vårt og Teater Vestland. Dei siste åra har han vore tilsett ved Teater Vestøøand i fleore produksjonar
I påska kunne vi sjå han som politibetjenten Vidar i TV 2 sin påskekrim: Mord i Sogn
Harald Ottesen Nødtvedt skal spele rolla som den danske futen for tredje gang.
Nødtvedt er freelance skodespelar og knytta til Teaterterminalen som skodespelar og produsent.
Har har i 2025 og 2026 også medverka i produksjonar både ved Teater Vestland og Den Nationale Scene. I 2025 turnerte han saman med bl.a Kyrre Eikås Ottersen i Teater Vestland si oppsetting Vestlandet og gjorde inntrykk som Tore i Den nationale scene sin Så som i himmelen
I vår har vi kunne sjå han som Kåre Mo i Doktor Armauer Hansen ved Den Nationale Scene