SONGEN VED DET STORE DJUP
Musikken
Musikken er skriven til urframføringa i 1985 av Per Janke Jørgensen og er ein viktig del av Kinnaspelet. Saman med skodespelarar og natur er den med på å fortelje historia og lokke fram tårene hos publikum på Kinn.
Opprinneleg var musikken arrangert for Kinn messingkvartett; to trompetar og to tromboner.
Besetninga blei etterkvart utvida til tre trompetar og tre tromboner, samt tuba. Seinare kom synth, slagverk, kontrabass, gitar og harpe til, og orkesteret har denne besetningen idag.
I 2019 var dette orkesteret:
Bak fråvenstre: Adele Halten-harpe, Harald Dahlstrøm- synth og musikalsk leiar, Rolf Prestø-kontrabass, Jacob Wyrtz- gitar og Arne Hammer - slagverk
Framme fra venstre: Albert Frøyen- trompet,
Otto Søvig- trompet, Nora Marie Hesjedal,-trompet, Trond Ramstad Olsen- basstrombone, Eva Marie Husebø- trombone, Kjetil Høidal,-trombone
Koret er også med på å formidle forteljinga på Kinn. Dette er eit slags "pop-up" -kor som kjem saman ein gong i året. Koret hadde opprinneleg 25 medlemmer, rekruttert frå eksisterande kor i Florø. Etterkvart har det komme fleire til, og koret tel no ca 40 songglade frå byen og distriktet.
Som aktørar i Kinnaspelet er dei munkar i tillegg til å synge.