Spelet i år

KINNASPELET 2020

SONGEN VED DET STORE DJUP

Program 2020


Laurdag 20. juni

12.00 Omvisning i kyrkja

13.00 Premiere Kinnaspelet

15.00 Historisk vandring

15.15 Konsert på scena

16.30 Kinnaspelet

18.00 Kveldsbøn i kyrkja


08.00 Båt frå Bergen

09.00 Båtane frå Florø tar til å gå

13.00 Avreise Florø til tur med Barnas Turlag.

13.30 Båt frå Kalvåg


 

Søndag 21. juni

11.00 Gudsteneste i kyrkja

12.00 Omvisning i kyrkja

13.00 Kinnaspelet

15.00 Historisk vandring

15.15. Konsert på scena

16.30 Kinnaspelet

18.00 Kveldsbøn i kyrkja


08.00 Båt frå Bergen

09.00 Båt frå Florø tar til å gå

11.15 Båt frå Askvoll

13.00 Avreise Florø til vikingeaktivitetar


Velkommen til Kinnaspelet, 20. og 21. juni!


Eit historiske spel med tradisjon og fornying

Kinnaspelet "Songen ved det store djup" er eit av dei eldste historiske spelta i Noreg, tufta på same historie og same manus.

 

Men Kinnaspelet fornyar seg likevel, kvart år. Regien endrar seg, nye skodespelarar kjem inn. Dei siste åra har fleire grupper fått nye kostyme , og i år står futens menn for tur.

- Og været er aldri heil det same her ute ved havet. 


TEATERET VED HAVET

"Dette var ei oppleving ein sjeldan finn maken til!" er det fleire som har sagt etter turen til Kinn og Kinnaspelet.

Ein scenografi med blått hav, høg himmel, Kinnaklova og den gamle steinkyrkja frå 1100-talet, er det som møter deg på Kinn. Så langt vest du kan kome i Noreg, her på havstranda ligg ei av dei eldste kyrkjene i landet - der ingen skulle tru at nokon kunne byggje ei kyrkje. Ingen veit sikkert kven som bygde ho. Men dei gamle legendene fortel om heilage menn frå øyrika i Irskesjøen, som busette seg her, truleg på 900-talet ein gang.

Her får du oppleve Kinnaspelet «Songen ved det store djup,» eit drama om kjærleik og svik, tvil og tru, då reformasjonen kom til Noreg i 1537, og kasta vrak på ein 500 år  gamal kyrkjeleg tradisjon og levemåte. Dette teateret ved havet, der naturen og kulturlandskapet spelar med, er ei oppleving du sjeldan finn maken til.


KINNASPELET HANDLAR OM

då danskekongen sin fut kom til Kinn og gjer kjent at pavekyrkja si tid er forbi. Kongen skal no eige alt kyrkjegods, og ein ny, luthersk prest må setjast inn. Bygdefolket slår spontant ring om presten sin og kyrkja. Bygdefolket feirer "Seljumannamesse" denne sundagen i 1537. Gjennom deira «kirkespill», eit spel i spelet, blir vi med tilbake til 900-talet og blir vitne til at den kristne prinsessa Sunniva på Irland, rømer frå vikingkongen Ramn som vil ha henne til dronning. Med følgjet sitt legg ho ut på havet i båtar utan segl, ror og årar, og lar vind og havstraumar råde. Ho driv i land på Selja. Seinare blir ho St. Sunniva, helgen for Vestlandet. Søstera Borni, driv i land på Kinn, og skal etter legenda vere ho som fekk bygd Kinnakyrkja.


KINNASPELET blir framført av SOGN OG FJORDANE TEATER, MUSIKARAR 

og over 160 LOKALE AKTØRAR


Songen ved det store djup, er skrive av Rolf Losnegård.

Per Janke Jørgensen har sett musikk til

Regissør vert Oda Alisøy. 


Dei professjonelle skodespelarane i 2020 er:

Reidun Melvær Berge - Borni/Sunniva

Lars Berge - Tarve/vikinghovdingen Ramn

Danskefuten er ikkje klar enno.

Kyrre Eikås Ottersen - prest

Idun Losnegård – Magrete prestefrille


Musikalsk ansvarleg er Harald Dahlstrøm