SONGEN VED DET STORE DJUP
For spørsmål om spelet, båtvaganger og billettar o.l. kan de ringe Kinn kyrkjekontor på 48100481 eller sende mail.
For turistinfo om overnatting i Florø, kommunikasjon til og frå byen, andre attraksjoner m.m.: ta kontakt med
Fjordkysten 57743000
På Kinn kan du få kjøpt mat, suvenirar og bøker knytt til Kinn og Kinnaspelet i kiosktelt ved kyrkja. Du kan betale med kort og vipps
Sommarveret på Kinn er ofte betre enn inne på fastlandet, med meir sol og mindre regn, og Kinnaspelet har hatt mykje godt ver med framsyningar i strålande sol. Men dette er ute ved havet, og særleg nordavinden kan vere kald. Ha derfor med varme kle i sekken, gjerne noko vindtett, og hugs godt skotøy. Veret kan sjølvsagt variere, og Kinnaspelet i dårleg ver er også ei mektig oppleving - viss ein er godt kledd.