SONGEN VED DET STORE DJUP
Nye kostyme til bygdefolket i årets Kinnaspel
Kinnaspelet har store grupper aktørar på scena. Utanom dei fem profesjonelle skodespelararane, er det bygdefolk, vikingar, futens menn og munkar, rundt 160 til saman.
Fornying av kostyme til desse guppene har gått føre seg gruppevis sidan 2010. Ein har gått frå 80-talet sin kostymetradisjon, til meir tidsrette kostyme som er tradisjonen no. Karel Hlavaty sto for den opprinnelge designen.
I år er denne fornyinga ferdig. Dei to siste gruppene som har fått nye
kostyme er futens menn (danske soldatar) og bygdefolket; og alle
gruppene har no tidsrette kostyme. Else Elisabet Lund og Anne Gotaas
har stått for design og tilskæring til desse to siste gruppene, og kostyma
er sydd på dugnad lokalt. Andre som har stått for ny design er Åse Hegrenes
(dei profesjonelle) og Rakel Melvær Berge (munkane og vikingane)
Nytt av året er at du - når du kjøper billett - , også vel båtavgang til eit fast klokkeslett, både frå Florø og retur frå Kinn. Fordelen er at du er sikra å komme med båten til det tidspunktet du har valt og slepp ventetid på kaia i Florø/på Kinn.
Sjå under "Billettar" kva for kombinasjonar tut/retur du kan velje mellom.
Tre framsyningar
I år blir det framsyningar av "Songen ved det store djup"
Laurdag kl 13.00 og kl 17.00
Søndag kl 14.30