SONGEN VED DET STORE DJUP
Blått hav og høg himmel, Kinnaklova og den gamle steinkyrkja frå 1100-talet, er det som møter deg på Kinn. Her på havstranda, så langt vest du kan kome i Noreg, ligg ei av dei eldste kyrkjene i landet - der ingen skulle tru at nokon kunne byggje ei kyrkje. Ingen veit sikkert kven som bygde ho. Men dei gamle legendene fortel om heilage menn frå øyrika i Irskesjøen som busette seg her, truleg på 900-talet ein gang.
Her får du oppleve Kinnaspelet «Songen ved det store djup», om då danskekongen sin fut kjem til Kinn i 1537 og gjer kjent at pavekyrkja si tid er forbi. Kongen skal no eige alt kyrkjegods, og ein ny, luthersk prest skal setjast inn. Ingen lett bodskap å selje inn hos bygdefolket på Kinn. Dei er i gang med feiringa av Seljumannamesse, og publikum får no bli med tilbake til 900-talet og bygdefolket sitt "lille kirkespill" om prinsesse Sunniva frå Irland som rømmer frå vikingkongen Ramn som vil ha henne til dronning. Med følgjet sitt legg ho ut på havet i båtar utan segl, ror og årar, og lar vind og havstraumar råde. Ho driv i land på Selja og blir seinare St. Sunniva, helgen for Vestlandet. Båtane kjem frå kvarandre og Søstera Borni driv i land på Kinn. Etter legenda skal det vere ho som fekk bygd Kinnakyrkja.
Dette er den ytre ramma for handlinga. Men Kinnaspelet handlar om noko meir. Dei sentrale temaene er menneske som opplever kriser og må ta vanskelege val. Når vi blir utfordra til å revurdere det vi meiner og trur på, kva verdiar er det verd å halde fast ved.
Dette er teateret ved havet, der naturen og landskapet spelar med; ei oppleving du ikkje finn maken til.
Billetter blir lagt ut i Desember