Transportplan klar

KINNASPELET 2020

SONGEN VED DET STORE DJUP

NYHETER

Årets transportplan er klar. 


I år vert det for første gang satt opp båt frå Strandkaiterminalen i Bergen både lørdag og søndag klokka 0800. Båten har anløp i Knarvik, på Vardetangen og på Krakhella. Dei som vert med Bergensbåten får vere med på første framsyning av spelet og konsertenpå scena før retur til Bergen. Ein tek sikte på å vere tilbake i Bergen til klokka er 20.00. I år vert det Rygercruise frå Rødne Fjordcruise som har denne turen. Det er open kiosk på båten frå Bergen.


Det blir sett opp båt frå Kalvåg på laurdag kl. 13.30. Dei som blir med på denne turen får med seg konsert på scena og andre framsyning av spelet. Båten går frå amtskaia.


Det blir sett opp båt frå Askvoll på søndag kl. 11.00. Dei som fygljer denne båten får med seg første framsyning av spelet og konserten på scena før returen. Båten går frå ferjekaia i Askvoll.


Publikum som ynskjer skyss frå øyane i Florø-bassenget, må ta kontakt med oss i forkant av spelet for å avtale tidpunkt for anløp.


Hovedtyngda av passasjerar reiser frå Florø. Her tek båtene til å gå klokka 09.00 kvar dag. Også i år har vi leigd ein stor hurtigbåt for å ta unna trafikken på ein god måte. Vi tilrår at publikum møter på kaia i Florø to timer før framsyning.