Reise til Kinn

KINNASPELET 2017

SONGEN VED DET STORE DJUP

REISE TIL KINN

 

Møt fram på Fugleskjærskaia (Hovudterminalen i Florø) i god tid, helst to timar før framsyning. Til før du er der, til raskare kjem du og alle andre fram til Kinn. Båtavgang startar kl. 09.00, og båtane går kontinuerleg når dei er fulle. Laurdag bør du setje av litt ekstra tid til å finne parkering. Kan hende du blir tilvist parkeringsplass eit stykke unna kaia.

Dessverre er det svært vanskeleg å legge båtar på Kinn under spelet, men om du legg båten i Rognaldsvåg, kan du bestille henting over til Kinn.

 

 

Reisealternativ frå Bergen og Nordhordland:

Buss frå Bergen fredag og laurdag ettermiddag (kl. 12.20, 14.20, 16.20, 20.00), og overnatte i Førde eller Florø. Om der ikkje er ledig hotellrom i Florø, så kontakt hotell i Førde. Med buss frå Førde kl. 06.55 kan ein nå 1. framsyning begge dagane. Sundag kan ein få med seg både høgmesse i den gamle mellomalderkyrkja på Kinn og første framsyning av Kinnaspelet kl. 13.00.Tilbake til Bergen kan ein ta ordinær rutebåt frå Florø kl.17.00 (Berre sundag).

Med privatbil kan ein nå alle framsyningar både laurdag og sundag. Til første framsyning bør du vere framme i Florø, ca. kl. 11.00, og til andre framsyning 14.20. Du må rekne rundt 1 time og 40 min. frå Lavik til Florø. Sett av litt tid til å finne parkeringsplass, særleg laurdag, Sjå meir under praktiske info.

 

 

Direktebåt Bergen-Kinn

Direktebåt Bergen-Kinn til premieren laurdag, kr.1200,- pr. person inkl. teaterbillett.

Båten går frå Strandkaiterminalen i Bergen kl. 08.00, og stoppar etter nærare avtale i Knarvik, Vardetangen, Sollibotn, Krakhella, Askvoll. Tilbake i Bergen ca. kl. 20.00. Kjøp billett på nett, båten stoppar berre etter avtale der det er selt billett på førehand. Barn under 16 år 50 % rabatt. Ingen honørrabatt. Ved større grupper, ta kontakt for eventuell grupperabatt. Kjøp billetter her

Båten er framme på Kinn i god tid før premieren laurdag kl. 13.00, og returnerar ca. kl. 16.00. Transport av funksjonshemma frå kaia til kyrkja (spelplassen).

 

 

Alternativ for reise og overnatting

Til Florø og Kinnaspelet kjem du lett med både fly, båt, buss og privatbil. Reiser du kollektivt, sjå lenker til rutealternativ ovafor. Brukar du privatbil, må du køyre om Førde, frå aust og sør, eller Nordfjord, med ferje Stårheim - Isane, frå nord.

Ver tidleg ute med å bestille overnatting i Florø under Kinnaspelet. Mange tilreisande i samband med festivalhelg, Sildebord, Kinnaspelet, Laksens dag, m.m., gjer at hotellkapasiteten kan bli knapp. Kinnaspelet har gjort avtale med hotell og overnattingstader i nabokommunar, innafor ein radius på 40-45 min. frå Florø.

Her kan du få overnattingspakkar. Kontakt hotellet eller overnattingstaden direkte for avtale.

KJØP BILLETTER HER