Praktisk Info

KINNASPELET 2018

SONGEN VED DET STORE DJUP

PRAKTISK INFO

 

Reisa frå Florø til Kinn

Du reiser med raske passasjerbåtar frå Fugleskjærskaia (hovudkaia i Florø). Ingen faste rutetider, båtane går når dei er fulle. På kaia er parkeringsplass, også for bussar, men særleg laurdag kan det bli behov for å parkere eit stykke unna. Orientering om dette når du møter fram Set av ekstra tid til parkering. Båtturen tek kring 25 minutt, men du må rekne med litt ventetid til båten er fylt opp. På Kinn er det 1,2 kilometers gange på relativt flat veg. Dei første framsyningane kvar dag har samla mest folk gjennom åra. Difor er det kortare ventetid på kaiane og betre plass på Kinn til 2. framsyning begge dagane. Til desse framsyningane reiser barn gratis. Det gjeld avreise frå Florø ca. kl. 13.00 og utover. Ved reise tilbake etter framsyningane, er det innført ei køordning på Kinn. Når du kjem til kaia etter framsyning, får du utdelt eit fargekort som viser kva båt du kan få plass på. Så kan du sleppe å stå i felles kø og stampe, men heller bruke ventetida til å sjå deg rund i området, besøkje mattelt, kunstutstilling eller toalett. NB! På Kinn er det bilskyss for rørslehemma.

 

Opphold på Kinn

Ta deg god tid på Kinn. Det er tilrettelagt for fleire tualternativ. I to kioskar kan du kjøpe mat og drikke. I den eine kiosken (Nær spelplassen) kan du og kjøpe bøker, suvenir og diverse rekvisitta. Ta med kontantar. Det er til dårleg mobildekning på Kinn, og det er ikkje bankterminal.

 

Familiepakke

Dette er eit organisert eit tilbod for barnefamiliar. Til 2. framsyning begge dagane kan familiar ta med seg sine eigne barn gratis. Lørdag arrangerer Barnas Turlag, tur og teater. Søndag er det ulike aktivitetar med middelalderpreg (vikingleikar), som skyting med pil og boge, øksekasting, baking av vikingbrød, skriving med runer, natursti, turar, m.m. Begge dagane startar familiepakken med avreise frå Florø kl. 13.00, og endar opp med 2. framsyning av Kinnaspelet kl. 16.30.

Pakketilbod

Kinnaspelet samarbeider med hotella og campingplassen i Førde, Svelgen hotell og Knutholmen (Kalvåg) om overnatting og billett til Kinnaspelet. Ta eventuelt kontakt direkte med overnattingsstaden for avtale. I samarbeid med Sogn og Fjordane Teater, sel vi også pakketurar med buss frå ulike stader i landet. Større grupper kan ta kontakt med teateret, tlf 918 32 085, for nærmare orientering.

Reisealternativ frå Bergen og Nordhordland:

Frå Bergensområdet er det mogleg å reise til Kinnaspelet på ein dag, om du nyttar privatbil. Køyretida er rundt 4 timar Bergen - Florø (inkludert ferje Oppedal- Lavik). Du må du rekke ei ferje på Oppedal kl. 09.00 om du skal kome tidsnok fram til båtane som går frå Florø (til 2. framsyning). Med ferje kl. 08.00 har du svært god tid. Om du vil ha med deg høgmessa i den gamle Kinnakyrkja på sundag, bør du satse på ei ferje som går kl. 07.00. Sundag kan du ta ordinær rutebåt ( hurtigbåt) kl. 17.00 frå Florø til Bergen (berre sundag).

 

Laurdag går det direktebåt frå Bergen kl. 08.00 til Kinn. Båten er framme i god tid før premieren (1. frmsyning), og returnerer direkte til Bergen etter konsert og omvisning i Kinnakyrkja. Tilbake i Bergen ca. kl. 20.00. Ver ute med kjøp av billett i god tid om du vil vere sikker på å bli med!

Kle dykk etter vêret

Hugs at du er heilt ute ved havet, særleg nordavinden kan vere kald her ute. Varme, tette kle og godt skotøy er difor viktig, dersom vêret ikkje er det aller beste. Husk at du kan ikkje bruke paraply under framsyninga, ha difor med også vasstette kle. Kinnaspelet har rett nok vore velsigna med mykje godt vêr, og sommarveret på Kinn er ofte betre enn lenger inne på fastlandet, med meir sol og mindre regn. Men det har også vore gjennomført gode framsyningar i regnvêr. Gjennom alle 30 åra med over 120 framsyningar, har ikkje ei einaste framsyning blitt avlyst. Om det skulle komme regn i 2018, vil Kinnaspelet likevel bli framført. Det blir berre ei litt annleis oppleving.

KJØP BILLETTER HER