Om øya kinn

KINNASPELET 2017

SONGEN VED DET STORE DJUP

OM KINN

 

 

Øya Kinn, lengst vest i Flora kommune, har ei lang, spanande historie, omspunne av myter og legender. Her har levd menneske frå tidleg steinalder. Midt på 1800-talet var øya sentrum for eit eventyrleg rikt sildefiske, som lokka fleire tusen menneske til Kinn. I dag er det berre tre fastbuande att. Men mellomalderkyrkja står der og vitnar om andre tider.

 

Lengst vest mot havet, ein halvtimes båtreise frå Florø, ligg øya Kinn, berre 7,3 kvadratkilometer stor. Det meste av øya er fjell, med Kinnafjellet som høgste toppen på 315 meter. Sørvest på øya ligg den vidgjetne Kinnaklova, 221 meter, eit viktig siglingsmerke gjennom uminnelege tider. Mykje tyder på at det har budd menneske på Kinn frå tidleg steinalder. Øya skal være mellom dei første landområda i Norge som vart busette etter siste istid. Fleire store hellarar, uthola av havbølgjene, er lett tilgjengelege på øya. Desse har vore husly for både dyr og menneske gjennom tusenåra. Mange hustufter, røyser og steinkransar viser at menneske har ferdast på øya i eldre tider. Fleire strukturar er frå førhistorisk tid, men det er vanskeleg å fastslå nøyaktig når dei første menneska kom til Kinn.

 

Frå vikingtid og tidleg mellomalder knyter det seg fleire legender til Kinn. Funn av beinrestar på Selja og Kinn, gav næring til legenda om "heilage menn som kviler på Selja og Kinn". I eit historisk lys kan dei heilage menn vere keltiske munkar frå Irland og Skottland. Helgendyrking var viktig under kristninga av Vestlandet, og Seljumannamesse 8. juli vart ei kristen høgtid fram til midten av 1300-talet. Men alt på¨1100-talet utvikla det seg ei anna legende på folkemunne og i det geistlege miljøet rundt bispesetet og klosteret på Selja, Sunnivalegenda, som overtok meir i den kritne tradisjonen hundre år seinare. I det kristne miljøet rundt Kinnakyrkja fekk denne legenda eit vidare perspektiv. Her var det ikkje berre ei prinsesse som hadde rømt frå giftarmål med heidenske hovdingar på Irland, men tre, Sunniva, Borni og Ingeborg. "I båtar utan segl og årar" let dei tre prinsessene seg drive over havet, og lova Gud at der dei kom i land skulle dei bygge ei kyrkje. Slik er Bornilegenda knytt til kyrkja på Kinn, medan Sunnivalegenda er knytt til klosteret på Selje. Den tredje prinsessa, Ingeborg, har ikkje blitt knytt til ei spesiell kyrkje på Vestlandet, sjølv om nokre vil ha det til at ho kom i land på Moster. Andre meiner ho kom til land på Utvær i Solund, der det og skal ha stått ei kyrkje i gamal tid.

 

I nyare tid er Kinn mest kjend for rike fiskeri, særleg dei store sildeåra rundt 1850 - 60, då fleire tusen menneske søkte dit under vintersildefisket. "Dra til Kinn og bli rik" var eit ordtak den gongen. Men det blei brått slutt på silda i 1870, og dette brå tilbakeslaget førde til hungersnaud på Kinn og øyane omkring. Heldigvis kom ny oppgang i fiskeria mot slutten av hundreåert, og berga livsgrunnlaget. På 1900-talet slo vintersildefisket til igjen i fleire periodar, og det kom nytt liv i sildesalteria på Kinn. Men etterkvart vart båtane større og sildefangstane blei landa til eit mottaksapparat inne i Florø. Vanskelege hamneforhold for større båtar var med på å flytte fiskeriaktiviteten lenger inn i fjorden, og øya vart etterkvart mest avfolka.

 

I dag er det Kinnaspelet som lokkar flest menneske til Kinn. Ei kort junihelg kvart år dei siste 30 åra, har mellom 2000 - 3000 menneske drege til Kinn for å oppleve Kinnaspelet "Songen ved det store djup". Den storfelte naturen, nærleiken til storhavet, den gamle steinkyrkja med si løyndomsfulle historie, sagn, myter oglegender, som kviler over øya. er med på å danne eit bakteppe og ei ramme rundt denne teateropplevinga. Alt dette er med på vektskåla, for ei reise til Kinn. Slik sett har det gamle ordtaket "Dra til Kinn og bli rik" fått ei ny meining: Ei rik natur- og kulturoppleving.

KJØP BILLETTER HER