Om årest spel

KINNASPELET 2017

SONGEN VED DET STORE DJUP

TEKST: Rolf Losnegård

 

 

MUSIKK: Per Janke Jørgensen

 

 

INSTRUKTØR: Jeff Petersen

 

 

5 profesjonelle skodespelarar

 

 

150 amatørar

 

ORGANISASJON

Kinnaspelet vart i 2013 omorganisert til ein medlemsorganisasjon med eit ansvarleg styre (Tidlegare Hovudkomite under Kinn Sokneråd). Kinn Sokneråd som har visningsrett for Kinnaspelet, har eit fast medlem i styret. Soknepresten i Kinn er også fast medlem i styret. Soknerådet har delegert alt ansvar for produksjonen av spelet til Kinnaspelet. Kinnaspelet kjøper tenester frå, og samarbeider med Sogn og Fjordane Teater om spelproduksjonen. Sogn og Fjordane Teater har det kunstnarlege ansvaret

Styret i Kinnaspelet har desse medlemmene i 2017:

Gustav Johan Nydal (Styreleiar, logistikk)

Knut Magne Nesse (Sokneprest, annonser, billettsal)

Grethe Stavø (Sekretær, trykksaker, praktisk tilrettelegging)

Gunn Jansen (Sufflør, kostymer, praktisk tilrettelegging)

Oddvar Isene (Heimesideansvarleg, PR-arbeid, trykksaker)

Marit Espeseth (Økonomi)

Per Kristian Byrkjeland (Kinn Sokneråd)

Leni Klakegg (Vara)

 

 

Styret har knytt til seg mange eiskildpersonar og grupper som har eit delegert ansvar for praktiske oppgåver i spelproduksjonen. Alt arbeid i organisasjonen blir gjort på dugnad.

 

EIT SPEL MED TRADISJON OG FORNYING

Både norsk og europeisk historie blir gjenskapt kvart år på Kinn, denne vesle øya rett vest for Florø, med sin særeigne natur og historie, omspunne av myter og sagn. Sokneprest Odd Stubhaug (1942 - 2016) hadde ideen. Rolf Losnegård skreiv stykket, og Per Janke-Jørgensen sette musikk til.

 

For 33. året på rad blir det Kinnaspel, siste helga før jonsok, ved den gamle mellomalderkyrkja på Kinn. Over 90 000 publikum har så langt sett spelet. Heilt frå urpremieren i 1985 har ”Songen ved det store djup” utspelt seg her ute mot storhavet. Eit naturleg amfi mellom kyrkja og bergveggane, med plass til fleire tusen menneske, gjev rom for dramatiske scener. Handlinga er henta frå reformasjonsåret 1537, ein dag då den danske futen kom til Kinn, med kongens påbod om å ta imot den Lutherske læra. Dramaet spinn seg også attende til tidleg mellomalder, då "heilagmenn" frå Vesterhavsøyane og Irland skal ha kome på kristningsferd til Vestlandskysten. Sentralt står den kjende St. Sunniva-legenda, med irske kristne prinsesser som rømde frå vikingane sine herjingar der, og let seg drive over havet ”i båtar utan segl og årar”. Der dei dreiv i land ein stad, ville dei i takksemd til sin Gud byggje ei kyrkje. I følgje segna landa prinsessa Borni på Kinn, og fekk bygd ei kyrkje der. Sunniva kom i land på Selja. Der vart bygd eit kloster.

Det er sentrale historiske tidsbilde som kvart år blir gjenskapt på Kinn, ei lita øy så langt vest du kjem i Norge. I nyare tid er Kinn mest kjent for sitt ekstremt rike sildefiske rundt 1860, som var med å legge grunnlaget for byen Florø. I mellomalderen var det eit kulturelt og religiøst senter med ei av dei første steinkyrkjene som vart bygde i Norge. Soknepresten Odd Stubhaug i Flora, fekk ideen til spelet sist på 1970-talet. Forfattaren Rolf Losnegård skreiv det, etter ei sommarveke åleine der ute på Kinn, med kyrkja og den overveldande naturen tett på. Musikar Per Janke-Jørgensen ved Sogn og Fjordane Teater, sette musikken til.

I dag er Kinnaspelet mellom dei mest etablert historiske spela i Norge. Kvart år blir det sett opp rundt 70 historiske spel i Norge. Men det er berre vel 40 som har kapasitet til oppsetningar kvart år. Mellom desse er ”Songen ved det store djup” eit av dei eldste. Spelet er blitt ein tradisjon, og årleg atraksjon i Ytre Sunnfjord. Eit slikt solid kulturelt etablissement kjem ikkje av seg sjølv. Stort pågangsmot, formidabel dugnadsinnsats, oppfølging av lokale sponsorar, er nokre av suksessfaktorane. Men også kunstnarleg kvalitet og fornying er viktig for eit langt spelliv. Sogn og Fjordane Teater har heile vegen vore kunstnarleg ansvarleg, og ein solid medspelar. Odd Stubbhaug, leiar av hovudkomiteen i alle år, også kalla Kinnaspelet sin far, legg vekt på at dette samarbeidet har vore ein føresetnad heilt frå starten, nettopp for å sikre kvalitet og kontinuitet.

Mange instruktørar

Det var teatersjef Anne Gullestad som hadde regien dei første 13 åra, og sette sitt varige og personlege preg på spelet, så tydeleg at ho lokalt fekk tilnamnet ”Kinnaspelet si mor”. Etter dette har fleire instruktørar kome og gått, alle med nye idear og løysingar, som i ulik grad har fornya og vitalisert spelet vidare fram til i dag. Etter Anne Gullestad hadde forfattaren sjølv, Rolf Losnegård, regien eit par år. Deretter kom Trond Lie, Mette Brantzeg, Agnete G. Haaland, Trond Birkeland og Bodil Kvamme. Miriam Prestøy Lie har vore instruktør dei siste tre åra. Med seg har ho hatt koreografen Kristin Rygh Helgebostad. Sogn og Fjordane Teater har dei siste åra lagt vekt på å engasjere nye instruktørar kvart tredje år, nettopp for å skape vitalitet og utvikling. I 2016 overtok Jeff Petersen stafettpinnen som instruktør.

Les mer om spelet