Om Kyrkja

KINNASPELET 2017

SONGEN VED DET STORE DJUP

OM KYRKJA PÅ KINN

 

 

Kinnakyrkja, ei vakker steinkyrkje, på nordvestsida av Kinn. Alderen er litt uviss. Kanskje er koret bygd før 1100, medan skipet truleg er frå siste del av 1100-talet. Mest kjend er lektoriet, eineståande i Skandinavia, tidfesta til omlag 1250.

 

På nordvestsida av Kinn, mellom Kinnavågen og Grindavika, ligg Kinnakyrkja, ei svært vakker steinkyrkje i romansk stil, tidfesta til først på 1100-talet.

Alderen på kyrkja er vanskeleg å fastslå sikkert, men ei C-14 datering utført i 1994, gjev som svar at koret kan vere bygd mellom 1090 og 1150. I 1911-12 vart det gjort store restaureringsarbeid, og den kjende arkitekten Berner gjorde detaljerte studiar av konstruksjon og byggemåtar. Han fann tydelege prov for at skipet er bygt mykje seinare enn koret, kanskje så mykje som opp mot 200 år. Skipet viser den vanlege byggemåten for norske stinkyrkjer i mellomaldereren, medan koret er bygt lik Moster kyrkje, og kyrkja som i si tid stod på Selja. Desse vert tidfesta til før år 1000. Når så det kjende lektoriet inne i kyrkja er tidfesta til rundt 1250, tyder dette på at skipet må vere bygd ferdig før dette. Ut frå desse parametrene er det rimeleg å hevde at koret var bygd rundt 1100. Utvendig måler koret 7,20 m x 7,65 m, medan skipet er 10 m x 17,70 m. Totalt er kyrkja altså 25,35 m lang. Vegghøgdene inne er 4,60 m i koret og 5,90 m i skipet.

 

Kinnakyrkja er uvanleg vakker og stilfull, og utmerker seg med verdfullt inventar frå mellomalderen. Mest kjent er lektoriet som møter oss straks vi går inn i kyrkja, eineståande i Skandinavia. Det er eit galleri som går tvers over austveggen i skipet. Utskore i tre finn vi Jesus med dei 12 apostlane, flankert av to basunenglar. Frå dette lektoriet har dei lese opp evangeliet, og kanskje gjeve viktige meldingar til kyrkjelyden. Opphavet har lektoriet vore vakkert måla, men i dag er det mest ingenting att av dette. I nyare tid er øydelagde og manglande delar blitt erstatta, under eit nitid restaureringsarbeid. Såleis er det trefargen som no dominerer. Nyare forsking tyder på at lektoriet er teikna av den engelske kunstnaren og munken Mattew Paris som vitja Noreg før 1250

 

Eineståande er også dei tre helgenfigurane frå katolsk tid. Dette er svært uvanleg å finne i protestantiske kyrkjer. Norske kyrkjer vart stort sett renska for slike under reformasjonen. Dei tre er Sta. Barbara, Sta. Katarina og Maria Magdalena. I den folkelege tradisjonen er desse tre gått over til å bli dei tre søstrene vi høyrer om i Sunnivalegenda og segna om Kinnakyrkja.

 

Frå etterreformatorisk tid finn vi altertavla, eit vakkert barokk-arbeid frå 1644. Ho er skoren av den kjende tyske kunstnaren Peter Negelsen som slo seg ned i Bergen. Han bygde tavla rundt eit skåp med dei tre helgenfigurane. I 1703 vart desse fjerna, og på skåpveggen, som no er ein del av altartavla, vart det måla eit vakkert bilete av krossfestinga.

 

På sørveggen i skipet finn vi så eit epitafium (minnetavle) over presten Absalon Absalonsen. Han var prost i Gloppen og døydde i 1630 då han vitja dotter si som var prestekone på Kinn. Absalon var son av den vidgjetne biskopen i Bergen, Absalon Pederson Beyer. Slekta må ha vore rik når dei har hatt råd til å setje opp ei slik minnetavle.

 

Noko av det første vi ser vår vi kjem inn i kyrkja, er eit skip som heng ned frå taket. Det vart innkjøpt i 1700, og er ein modell av ein fregatt for fulle segl og med opne kanonportar. Det skal symbolisere den menneskelege livsseilasen saman med Kristus i strid mot dei vonde maktene.

 

Diverre er det ingenting att av dei eldste takkonstruksjonane i kyrkja. Utsette som desse er for vêr og vind, har dei blitt skifta fleire gonger. I 1912 skar Ragnvald Einbu bastardar på bjelkehovuda til dei nye takstolane. Dei gamle hadde også slike groteske hovud, alle ulike, syner ei teikning arkitekt Christie gjorde i 1860.

 

På gamle trebord og bjelkar har det vore runeinnskrifter, men så forvitra at dei ikkje har vore til å tyde. Også på nordsida av vestportalen var ei runeinnskrift som diverre ivrige restaureringsarbeidarar pussa bort det meste av i 1911.

 

Kinnakyrkja er eit av dei mest særmerkte og vakraste minnesmerke vi har frå norsk mellomalder. Ho er vel verd ei vitjing!

KJØP BILLETTER HER