Transportplan klar

KINNASPELET 2019

SONGEN VED DET STORE DJUP

NYHETER

Årets transportplan er klar. Det vert fleire anløp til Kinnaspelet enn nokon gong.


I år vert det for første gang satt opp båt frå Strandkaiterminalen i Bergen både lørdag og søndag klokka 0800. Båten har anløp i Knarvik, på Vardetangen og på Krakhella. Dei som vert med Bergensbåten får vere med på første framsyning av spelet og konserten med Sigrid Moldestad før retur til Bergen. Ein tek sikte på å vere tilbake i Bergen til klokka er 20.00.


Det blir sett opp båt frå Kalvåg på laurdag kl. 13.30. Dei som blir med på denne turen får med seg konsert med Sigrid Moldestad og andre framsyning av spelet. Båten går frå amtskaia.


Det blir sett opp båt frå Askvoll på søndag kl. 11.00. Dei som fygljer denne båten får med seg første framsyning av spelet og konserten med Sigrid Moldestad før returen. Båten går frå ferjekaia i Askvoll.


Publikum som ynskjer skyss frå øyane i Florø-bassenget, må ta kontakt med oss i forkant av spelet. Billetter frå Askvoll og Kalvåg gir vi eit introduksjonstilbod på og sel dei til same pris som på billett frå Florø.