KINNASPELET 2017 - PRESSEMELDING

KINNASPELET 2017

SONGEN VED DET STORE DJUP

NYHETER

Pressemelding:

Kinnaspelet - teateret ved havet.

Helga 17. og 18. juni, er det Kinnaspel for 33. gongen. "Songen ved det store djup" som teaterstykket heiter, har vore sett opp ved kyrkja på øya Kinn med 4 framsyningar kvart år i 32 år. Til saman blir dette 128 framsyningar utan ei einaste avlysing. Berre "Spelet om Heilag Olav" på Stiklestad har hatt ei lenger levetid utan avbrekk, mellom dei historiske spela i Norge.

Kinnaspelet er blitt tradisjon på kysten av Sogn og Fjordane, og samlar publikum frå heile Vestlandet. Også frå Austlandet kjem det grupper for å sjå spelet. Over 30 % av publikum kjem frå andre fylke, dei fleste av desse frå Hordaland og Bergen.

I år er det fylkesdirektør for næring og kultur i Sogn og Fjordane, Jan Heggheim, som opnar spelet. Han har ei allsidig røynsle frå ulike roller i næringslivet, særleg innan reiselivsnæringa. Han er også kjend som ein svært aktiv samfunnsdebattant, med debattinnlegg i mange aviser og eigen blogg på blogg.no

Det kan ikkje gjevast eintydige svar på kvifor Kinnaspelet viser seg så slitesterkt. Men mellom fleire grunnar må vere ei gripande historie, som er godt skriven. Det tette samarbeidet med regionteateret har gjeve spelet profesjonalitet, og mange ulike profesjonelle regissørar har gjennom åra skapt vitalitet og fornying. Den unike scenografien ute ved havet, mellom Kinnaklova og den gamle kyrkja frå 1100-talet har, fascinert mange, og lokkar stadig nye til Kinn. Ein skal heller ikkje gløyme den lokale entusiasmen og dugnadsånda som har prega den store Kinnaspelfamilien, frå dei ansvarlege i styre og komitear, til aktørane på scena og funksjonærane som passar på dei rundt 3000 som kjem til Kinn kvart år. Til saman er det over 200 frivillige som er med på å lage Kinnaspelet.

I år er danskefuten ny mellom dei profesjonelle skodespelarane. Jeppe Beck Laursen er mest kjend frå film og TV-seriar, som Goggen i "Gråtass"-filmane, og Daidalos i NRK Super sin suksess-serie "Labyrint". Vi møter han også som havguden Maui i Disney sin storfilm "Vaiana". No er han også aktuell i BBC/Netflix si storsatsing "The Last Kingdom" ("Det siste kongerike"), som for tida går på NRK.

Bortsett frå futerolla er lista over dei 5 profesjonelle skodespelarane den same som i fjor. Borni og Sunniva blir spela av Reidun Melvær Berge frå Florø. Presten er Kyrre Eikås Ottersen, som har lang fartstid bak seg i Kinnaspelet. Magrete, frilla hans blir Spela av Idun Losnegård, også med lang fartstid i spelet. Tarve og Ramn blir spela av Peter Førde, ein ung skodespelar frå Førde som no arbeider i New York.

Det er ikkje berre teater på Kinn i helga. Tre ulike kunstutstillingar vil ein finne der. Tone Hulbækmo vil ha konsert i Kinnakyrkja mellom framsyningane begge dagane. Ho stiller med vakker, eigenkomponert harpemusikk, folketonar og tonesette tekstar av Ove Røsbak, haldis Moren Vesås og Hans Børli. med seg har ho Hans Fredrik Jacobsen, fløyter, gitar, lutt og toradar, og Alf Hulbækmo, keybord og munnspill.

Positivt for alle som har stått i kø og venta på transport, både på kaia i Florø og på Kinn, er at i år blir det sett opp ein langt større båt mellom Florø og Kinn. Den vil gjere store innhogg i dei fleire tusen publikum som skal ut til Kinn denne helga, og korte ned ventetida mykje, særleg inn att til Florø på ettermiddagen.

Velkommen til Kinn til helga!