Om 30-års jubileet

KINNASPELET 2017

SONGEN VED DET STORE DJUP

NYHETER

30-års jubileet til Kinnaspelet i 2014, er også blitt historie

 

Til jubileumsframsyningane 21. og 22. juni i 2014 kom det fleire publikum enn på mange år. Over 2500 var på Kinn denne helga. Nordavind skremde truleg nokre frå å dra til Kinn også dette året. Men ved kyrkja og scena var det som vanleg lunt og stille, med sol og tradisjonell Kinnaspelstemning. Båten frå Bergen hadde nær på 260 ombord, rekord så langt. Framføringane med delvis ny regi, nye vikingklede, og fleire aktørar på scena, var mellom dei aller beste i Kinnaspelet si historie.

Gjennom 31 år utan avbrekk, og utan ei einaste avlysing, har Kinnaspelet og Sogn og Fjordane Teater til saman produsert 122 framsyningar av "Songen ved det store djup" her ute ved havet og den gamle kyrkja frå 1100-talet.

Evne til fornying er ein viktig grunn til Kinnaspelet sin lange suksess. Spelet er blitt eit av dei lengst levande historiske spela i Norge, Rett nok var det i Kinnaspelet sitt jubileumsår 60 år sidan "Spelet om Heilag Olav" (Stiklestadspelet) hadde urpremiere. Men det er ei anna historie. Av dei omlag 140 historiske spela i Norge, er det svært få som kan vise til ein samanhengande produksjon i over 30 år. I Kinnaspelet er historie og manus uendra. Men 8 ulike instruktørar har gjennom åra fargelagt det på sin måte. Skodespelarar og amatørar kjem og går, og spelet har dei siste åra vore inne i ei gradvis fornying av kostymene, der både koret, dei profesjonelle skodespelarane og vikingane har fått nye klede. Bak dette ligg også ein omfattande og stor dugnadsinnsats. Kinnspelet har no tidsriktige og fargerike drakter, slik historikarane meiner at folk kledde seg i vikingtida, og under reformasjonen. Skiftande vær og vind spelar også med i dette teateret her ute ved havet. Difor er det kvart år ei ny oppleving å reise til Kinn og Kinnaspelet.

I jubileumsåret kom og boka "Kinn og Kinnaspelet", der ein kan lese om øya Kinn si historie, om legendene som handlar om heilage menn som busette seg på Kinn og Selja. Kanskje derfor vart det bygd ei mellomalderkyrkje der. Ikkje minst handlar boka om Kinnakyrkja si historie og om Kinnaspelet som vart til først på 1980-talet. Boka kom på marknaden 20. juni, dagen før spelet hadde premiere for 30. gongen.