Kinnaspelet i eit langt liv

KINNASPELET 2017

SONGEN VED DET STORE DJUP

NYHETER

Kinnaspelet med tradisjon og fornying gjennom 33 år

Ei gripande og god forteljing, evne til fornying og eit unikt scenebilde er viktige grunnar til Kinnaspelet sin lange suksess. Spelet er blitt eit av dei lengst levande historiske spela i Norge, etter "Spelet om Heilag Olav" (Stiklestadspelet) , som hadde urpremiere for over 60 år sidan. Men det er ei anna historie. Av dei omlag 140 historiske spela i Norge, er det ingen andre som kan vise til ein samanhengande produksjon av same teaterstykke i over 32 år.

I Kinnaspelet er historie og manus uendra. Men 9 ulike instruktørar har gjennom åra fargelagt det på sin måte. Skodespelarar og amatørar kjem og går, og spelet har dei siste åra vore inne i ei gradvis fornying av kostymene, der både koret, dei profesjonelle skodespelarane og vikingane har fått nye klede. Bak dette ligg også ein omfattande og stor dugnadsinnsats. Kinnspelet har no tidsriktige og fargerike drakter, slik historikarane meiner at folk kledde seg i vikingtida, og under reformasjonen. Skiftande vær og vind spelar også med i dette teateret her ute ved havet. Difor er det kvart år ei ny oppleving å reise til Kinn og Kinnaspelet.

I jubileumsåret 2014 kom og boka "Kinn og Kinnaspelet", der ein kan lese om øya Kinn si historie, om legendene som handlar om heilage menn som busette seg på Kinn og Selja. Kanskje derfor vart det bygd ei mellomalderkyrkje der. Ikkje minst handlar boka om Kinnakyrkja si historie og om Kinnaspelet som vart til først på 1980-talet. Boka følgjer den store "Kinnaspelfamilien" gjennom 30 år. I dag er det over 200 frivillige som er med på å lage dette store kulturarrangementet heilt ute ved havet i Sogn og Fjordane