Boka om Kinnaspelet til spesialpris i år

KINNASPELET 2017

SONGEN VED DET STORE DJUP

NYHETER

Boka "Kinn og Kinnaspelet" til spesialpris under spelet i år.

 

Boka fortel om øya Kinn, Kinnakyrkja og Kinnaspelet, og kom ut til 30-års jubileet for spelet i 2014. Kinn si gåtefulle historie, den gamle steinkyrkja frå mellomalderen, historia om Kinnaspelet og legendene om Sankt Sunniva og Borni, er dei mest sentrale tema. Boka på 148 sider, er rikt illustrert med 130 både gamle og nye bilde. Sjølv om det er over to år sidan boka kom på marknaden, er den framleis like aktuell. Boka vil vere til salgs på Kinn under årets spel, med ein spesialpris på berre kr 198,- .

 

"Kinn og Kinnaspelet" startar i første kapittel, "Den gåtefulle øya", med å fortelje om legendestoffet, ein viktig del av bakgrunnshistoria til mellomalderkyrkja på Kinn og klosteret på Selja. Legendestoffet er også utgangspuktet for deler av handlinga i Kinnaspelet. Det andre kapitlet, "Øya, historia og menneska", handla om Kinn si historie, heilt frå den første busetjinga der, og fram til vår tid med eit fåtal fastbuande attende. Det rike sildefisket rundt Kinn etter 1860, har fått stor plass. Tredje kapitlet, "Kinnakyrkja" tek føre seg historia til den unike mellomalderkyrkja, som ingen veit kvifor ho eigentleg vart bygd her ute på havstrandal. Fjerde kapitlet "Kinnaspelet", er historia om dei første 30 åra til Kinnspelet - ei spennande historie om eit stort kulturløft på kysten av Sogn og Fjordane; Spelet som svært få trudde var liv laga her ute ved det opne havet. Men spelet har vist seg å vere uvanleg slitesterkt, med totalt 120 framsyningar frå starten i 1985. Femte kapitlet, "Kinnaspelfamilien", fortel om dei som var med; den store Kinnspelfamilien som dei siste åra har vakse seg til over 150 medverkande på scena. Sjette og siste kapitte, "Ei vandring på Kinn", tek lesaren med på fottur rundt øya Kinn, og fortel om kva ein kan sjå og oppleve på turen.

 

Dette er den første boka om Kinn, kyrkja på Kinn, og det historiske spelet på Kinn, som set alt dette inn i ein samanheng. Samstundes strekkjer boka trådane utover til nasjonal og Europeisk historie, der ein også kan konstatere at Kinn hadde ein meir sentral plass i mellomalderen enn i dag. Mykje tyder på at Kinn hadde ei viktigare rolle enn det ettertida har greidd å formidle, mellom anna i nasjonsbygginga opp gjennom tidleg mellomalder. Sjølv om boka på fleire område borrar relativt djupt i tilgjengeleg kjeldemateriale, står det likevel mykje att som det kunne skrivast fleire bøker om. Særleg Kinnakyrkja er eit unikt kulturminne som det er viktig både å få fram i lyset og ikkje minst ta vare på.

Boka "Kinn og Kinnaspelet" er skriven av Oddvar Isene, som sjølv har vore med i Kinnaspelkoret i 30 år, og som har bakgrunn både som lærar, skule- og kultursjef, frilandsjournalist, avis- og magasinredaktør. Det er Selja Forlag som gjev ut boka, som er den tredje boka i serien "Reise & kultur". Dei to første bøkene i denne serien er "Selja. kulturhistorisk handbok" og "Gulatinget". Alle bøkene kan tingast direkte frå forlaget, eller frå næraste bokhandel der ein bur. "Kinn og Kinnaspelet" er og til salgs på kyrkjekontoret i Florø. Prisen på boka er normal kr 298,-. men kan kjøpast under Kinnaspelet 2017 for kr 198,-