Ny hovudrolle

KINNASPELET 2017

SONGEN VED DET STORE DJUP

NYHETER

Futen, Jeppe Beck Laursen, ny i år.

 

Jeppe Beck Laursen blir den nye futen i år. Han er mest kjent frå ulike norske filminnspelingar. Mellom anna har han rolla som Goggen i «Gråtass»-filmane. Han er med i den nye «Karsten og Petra»-filmen. Men aller mest kjend er han for rollen som Daidalos i NRK Supers suksess-serie «Labyrint». Han har også ei av hovedrollene i Disneys nye storfilm «Vaiana», - her møter vi han i rollen som halvguden Maui. Har du barn i barnehage- og barneskolealder, veit dei nokså sikkert kven Jeppe Beck Laursen er.

 

Bortsett frå futerolla blir alle proffesjonelle skodespelar dei same som i fjor.

Reidun Melvær Berge skal spele rollene Borni og Sunniva.

Ho er frå Florø, og har vakse opp med Kinnaspelet, der ho har hatt fleire amatørroller, mellom andre tiggarjenta Sygni. Ho er tilsett ved Sogn og Fjordane teater, og tok over rolla i Kinnaspelet etter Oda Alisøy som fram til 2015 hadde spelt denne dobbeltrolla i 5 år. Reidun Melvær Berge er utdanna ved Bårdar Akademiet si Musikkteaterlinje. Ho starta si profesjonelle karriere i Jeff Pedersen Productions si forestilling Stavenest.Krig.

 

Peter Førde (Tarve og vikinghovding Ramn), spelte også desse rollene i 2015 og 2016. Han er utdanna ved Lee Strasberg Theatre & Film Institute i New York.

 

Kyrre Eikås Ottersen spelar Presten 5. året. Han er veteran i Kinnaspelet, og har hatt rolla som Tarve og Ramn i 11 år. Han er utdanna ved Bergen Teaterskole, og har vore fast tilsett ved Sogn og Fjordane Teater sidan 1996.

 

Idun Losnegård spelar Magrete prestefrille på 5. året. Ho er frå Askvoll, og har skodespelarutdanninga frå The Guildford Scool of Acting i England. Ho har tidlegare spelt Borni 3 år i Kinnaspelet.

 

Tiggarjenta Sygni blir spelt av Engel Eikås Tansøy, som har hatt denne rolla i 3 år.

 

 

 

 

Planlegger du å reise med bil, båt eller buss til Kinnaspelet?

 

Les mer om forskjellige reisealternativer for å komme til Kinn her...