Spelet i år

KINNASPELET 2017

SONGEN VED DET STORE DJUP

Program 2018

(Med atterhald om endringar)

 

Laurdag 16. juni

Båtavgangar frå Florø kontinuerleg

frå kl. 09.00. Pause kl. 13.00 - 14.00.

13.00: Songen ved det store djup

13.00: Avreise Florø til familietur

14.30: Omvisning i kyrkja

15.15 : Konsert i kyrkja

15.30: Historisk vandring. Sjå oppslag.

16.30: Songen ved det store djup

18.00: Kveldsbøn

Sundag 17. juni

Båtavgangar frå Florø kontinuerleg

frå kl. 09.00. Pause kl. 13.00 - 14.00.

11.00: Gudsteneste

13.00: Songen ved det store djup

13.00: Avreise Florø til vikingaktivitetar

14.30: Omvisning i kyrkja

15.15 : Konsert i kyrkja

15.30: Historisk vandring. Sjå oppslag.

16.30: Songen ved det store djup

18.00: Kveldsbøn

Kinnaspelet 2017 er over - Nytt spel 16.- 17. juni 2018

 

33 år med Kinnaspel er no historie. Trass i ei regnfull helg, var det likevel nær 1 600 publikum som fann vegen til Kinn. Begge framsyningane på laurdag måtte tole samanhengande regn. Men med eit godt og intenst spel på scena vart likevel tilbakemeldingane frå publikum svært positive. "Tror regnet gav opplevelsen en ekstra dimensjon" skriv ein gjest på SMS til oss. Fleire gav uttrykk for det same i samtaler etter framsyningane laurdag.

1. framsyninga på sundag hadde ideelt spelvær; Overskya utan regn, og med moderat vind. Det vart ei av dei beste framsyningane i Kinnaspelet si historie, med ein gjennomført regi og godt spel.

 

No startar evvalueringa av spelet i år og planlegginga av spelet neste år. Tradisjonen tru blir det 3. helga i juni, 16.-17. o6.2018.

Kinnaspelet med "Songen ved det store djup" er no det eldste historiske speltet i Noreg, tufta på same manus, etter "Spelet om Heilag Olav" på Stiklestad. Kinnaspelet 33 år, Stiklestadspelet 63 år. Kinnaspelet med 132 famsyningar utan avbrekk og utan avlysing.

 

TEATERET VED HAVET

"Dette var ei oppleving ein sjeldan finn maken til!" er det fleire som har sagt etter turen til Kinn og Kinnaspelet.

Ein scenografi med blått hav, høg himmel, Kinnaklova og den gamle steinkyrkja frå 1100-talet, er det som møter deg på Kinn. Så langt vest du kan kome i Noreg, her på havstranda ligg ei av dei eldste kyrkjene i landet - der ingen skulle tru at nokon kunne byggje ei kyrkje. Ingen veit sikkert kven som bygde ho. Men dei gamle legendene fortel om heilage menn frå øyrika i Irskesjøen, som busette seg her, truleg på 900-talet ein gang.

Her får du oppleve Kinnaspelet «Songen ved det store djup,» eit drama om kjærleik og svik, tvil og tru, då reformasjonen kom til Noreg i 1537, og kasta vrak på ein 500 år gamal kyrkjeleg tradisjon og levemåte. Dette teateret ved havet, der naturen og kulturlandskapet spelar med, er ei oppleving du sjeldan finn maken til.

 

KINNASPELET HANDLAR OM

då danskekongen sin fut kom til Kinn og gjer kjent at pavekyrkja si tid er forbi. Kongen skal no eige alt kyrkjegods, og ein ny, luthersk prest må setjast inn. Bygdefolket slår spontant ring om presten sin og kyrkja. Gjennom bygdefolket sitt «kirkespill», eit spel i spelet, blir vi med tilbake til 900-talet og blir vitne til at den kristne prinsessa Sunniva på Irland, rømer frå vikingkongen Ramn som vil ha henne til dronning. Med følgjet sitt legg ho ut på havet i båtar utan segl, ror og årar, og lar vind og havstraumar råde. Ho driv i land på Selja. Seinare blir ho St. Sunniva, helgen for Vestlandet. Søstera Borni, driv i land på Kinn, og skal etter legenda vere ho som fekk bygd Kinnakyrkja.

 

KINNASPELET blir framført av SOGN OG FJORDANE TEATER, MUSIKARAR

og over 160 LOKALE AKTØRAR

 

Songen ved det store djup, er skrive av Rolf Losnegård.

Per Janke Jørgensen har sett musikk til

Regissør er Jeff Pedersen (2016, 2017)

 

Dei professjonelle skodespelarane i 2017 var:

Reidun Melvær Berge - Borni/Sunniva

Peter Førde - Tarve/vikinghovdingen Ramn

Jeppe Beck Laursen - dansk fut

Kyrre Eikås Ottersen - prest

Idun Losnegård – Magrete prestefrille

 

Musikalsk ansvarleg var Harald Dahlstrøm

 

Les meir om Kinnaspelet og turen til Kinn under knappane øverst!